Herdwick

Herdwick-søye

Herdwick er ein sauerase frå Lake District i Nordvest-England. Namnet «herdwick» er avleidd frå norrønt herdvyck, som tyder 'sauebeite'.[1] Sjølv om han har låg lammekapasitet og oppfatta ullkvalitet samanlikna med meir utbreidde kommersielle rasar, er herdwicksauen verdsett for den robuste helsa si, evna deira til å leva utelukkande av beite, og tendensen sin til å vera territorielle og ikkje forlata dei vanlege områda sine i det vanskelege høglandet i Lake District. Ein rekner med at opptil 99 % av alle herdwicksauer blir haldne i sentrale og vestlege delar av Lake District.[2]

Herdwickverar blir ofte haldne saman i småflokkar når dei ikkje går saman med søyene.

Ulla til ein herdwick har unike kvalitetar knytt til haldbarheit. Tjukke fibrar av børstehår, som ofte stikk ut frå plagg laga av ulla deira, dannar eit vernande lag i snøstorm. Sannsynlegvis er dette dei same eigenskapane som vernar sauene under liknande forhold. Herdwicksauer har vore kjent for å overleva under eit snødekkke i tre dagar medan dei åt på si eiga ull.[3]

Sauerasen blei sterkt truga av utbrotet av munn- og klauvsjuke i England og Wales i 2001, men overlevde på grunn av eit sterkt ønske om å bevara dette unike dyret som ein avgjerande del av tradisjonelle jordbruket i Lakeland. Det er framleis langt færre av dei enn dei fleste kommersielle rasar, og rasen overlever stort sett med hjelp frå landsbrukssubsidiar.

  1. Bryson, Bill; Photographs by Annie Griffths Belt (August 1994). «Beauty Besieged: England's Lake District». National Geographic Magazine (National Geographic Society) 182 (2). 
  2. «Introduction to Herdwick Sheep». Herdwick Sheep Breeders Association. Arkivert frå originalen February 4, 2012. Henta 31. oktober 2007. 
  3. Davies, Hunter. A Walk Around the Lakes, Frances Lincoln Limited, 2009 (revised edition), s. 94

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search